Ein plan er ofte godt å ha.
Enno betre er det om ein jobbar for å utføre den best mogleg.
At planen er god, er gunstig, men sjølv då vil ytre faktorar, og i ein fotballkamp moment som bevisstheit, konsentrasjon, kjenslehandtering og tolmod vere noko ein vert testa på å handtere.
I tillegg vil som regel motstandar og ha ein plan som byr på motstand.
Egon Olsen hadde og ein plan, utan at det som regel enda med nemneverdig suksess, etter det eg hugsar frå gamle VHS-kassettar.
Vår plan og vårt ønske, er og var sjølvsagt å skore flest mogleg og sleppe inn færrast mogleg mål.
Dei fleste som er eller har vore involvert i fotball, kjenner seg igjen i at skoringar ofte pregar kampar, då det anten gir energi og tru, eller i motsett fall kan vere med på å tappe dei same naudsynte faktorane.
Verkty for å takle dette som vil vere ein trufast fylgjesvenn i eit fotballiv, er etter mitt syn, evne til gjenkjenning av tidlegare opplevingar av liknande, der ein aksepterer det og meistrar å handtere det med ro, kløkt, entusiasme og samhald.
Dette er ferdigheiter på linje med pasningspresisjon, skuddfot og evne til å utnytte rom.
Diverre akkurat no, eller kanskje heldigvis kan ofte utvikling og tileigning av dette, ta litt tid.
Vi har pr no, vore saman i fem mnd.
Vi vil jobbe vidare for å utvikle laget og prestasjonar med den flotte gjengen vi har.
Det er klart vi har fokus på å prøve å ta fleire poeng og vinne fleire fotballkampar.
Kvar trening øver vi for å bli betre og eg er usikker på om det vil føre noko særleg konstruktivt med seg å sjå for mykje på tabellen.
Vi jobbar hardt og entusiastisk fem-seks dagar i veka for å sette saman eit fullstendig nytt «Vika-lag,» av lokale unggutar, og det vil nok ta litt tid før relasjonar sit og ein stabiliserar eit pari-nivå som handterar dei fleste type kampar.
Eg er heilt sikker på at vi vil få det til, spørsmålet er kor raskt.
Vi har synt i dei fleste kampar at vi er gode.
Min jobb er saman med resten av gjengen å legge til rette for at vi ser breiare enn berre tabell, og prøvar å nytte kvar dag som ei moglegheit til å utvikle oss som enkeltpersonar som best mogleg ønskjer å nytte ferdigheitene sine, best mogleg på lag, i lag og som eit LAG!
Om de vil støtte oss på vegen, er vi takksame for det!
Mvh,
Kenneth
«Tell me, I forget, teach me and I may remember. Involve me and I learn.»
(B. Franklin)