Etter ei lett trening fredag ettermiddag, sette vi oss i bussen med kurs for Florø.
Felles kveldsmat før ei god natt søvn, på hyggelege Kinn Hotell fullførte ein fin fredag i flott vår ver.
Laurdag morgon starta med frukost, som inneheldt det meste, inkludert Cabaret-kake til Sander, på sin 18-års dag.
Ein kort spasertur til stadion og ei kjapp kortøkt seinare, var det klart for kampmøte og avreise til stadion.
Med russ og bluss på tribuna, var det ei fin ramme rundt kampen.
Eit heimelag med nokre spennande enkeltspelarar blei godt handtert av eit lojalt og hardtarbeidande kollektiv, frå Vika.
Vi tok leiinga i det 19. minutt, då Sigurd sette ballen i mål etter målgjevande frå Sander.
Det vart lagt ned ein del meter av alle i raudt, som stod distansen solid, til fløyta gjekk for siste gong.
Heimelaget «pøsa på» med ein del innlegg mot slutten av kampen, men det blei konsentrert og greitt handtert av våre.
Framover skapte vi store sjansar til å skore både eitt og to til, men det blei med den eine konfektbiten av ei skoring, frå løpsmaskina Sigurd.
Samtlege som var med på turen leverte 100% solide bidrag inn mot kollektivet, i tillegg til dei øvrige som er i gruppa gjennom treningsvekene, der vi utviklar kvarandre.
Som eit heimelaga grovbrød, er det ofte ein gunstig og avgjerande ingrediens i eit gunstig og balansert kosthald. Laget bør først og fremst levere grovbakst, før ein supplerar med cabaret og konfekt.
Godt nøgd, med ein samansveisa kameratgjeng, som etter kvart har utvikla seg til å bli eit bra fotballag.
Vår unge gjeng vil variere i prestasjonar, og må kjempe med nebb og klør for kvart poeng. Vi gler oss til trening i dag, og ser fram til å bruke kvar dag, kvar veke best mogleg.
Takk til de som syner interesse, følger med og forhåpentlegvis vil tolmodig vere med å støtte oss vidare! ☺
Mvh Trenar/leiarteam A-lag Herrer.