MFK2 - Spjelkavik 2-2 (0-2) Etter ei lang oppkøyring med særs varierande forhold var det i går kveld seriestart med fruktfat, kjeks og XL-1 i garderoba på Aker Stadion. Det var ein velspelande kamp mellom eit merittert heimelag og ein heilhjarta og oppofrande kameratgjeng frå Vika, som leverte gode prestasjonar og spenning i 96 minutt. Vika gjekk til pauseprat med 2-0 leiing etter flotte skoringar av Simon og Sander. Eit heiltent heimelag sette press på oss umiddelbart i 2.omg og fekk uttelling allereie etter 4 minutt. Det som såg ut til å skulle bli ein lang ferd mot eit siste fløyteblås, blei ein intensiv kamp som bølga fram og tilbake med store sjansar til å sette 3-1. Det ville seg ikkje, og i det 84. minutt utlikna heimelaget etter eit innlegg i boks. Dei siste 12 minutta var var prega av eit heroisk bortelag med krampe i begge bein, som sette ein standard for seg sjølve om kva ein er villeg til å ofre for gode opplevingar saman og poeng. Ein botnsolid prestasjon og eit sterkt resultat av ein lovande gjeng. Turen heim gjekk fint, der dei fleste sovna før Ørskogfjellet. I dag er det ein ny dag, heia Vika!⚽️☀️ Mvh, Kenneth

IMG_8502.jpg
Sander S. Finnøy gjorde 0-2 mot Molde 2
















A-laget spiller første hjemmekamp for sesongen på kunstgresset lørdag klokka 13:00 mot Elverum.