Vi er godt i gong med sesongoppkøyringa der vi trenar både i Vika og på CLS.

Det er framleis ei meget treningsvilleg og samla gruppe som trivast saman og jobbar ofte og godt for å utvikle oss vidare.

Dei fleste frå i fjor er med vidare, noko som er viktig mtp kontinuitet i kultur, prinsipp og kven vi er/ønsker og vere som lag.

Vi er heldige som og har ein del nye spelarar inne over ei periode, der vi får bli kjendt med kvarandre og sjå kva som passar for begge partar.

Ei viss supplering av stall, vil nok vere fornuftig samstundes som at dei som har vore med over ei periode vil halde fram som kvalitetssikrarar.

Det er ønskeleg å sette ein stall ila relativt kort tid, og vi tek sikte på å presentere dei nye spelarane fortløpande.

Det gjeld og dei nye i trenarteamet.


Takk til samtlege som bidrar på og utanfor bana for fotballen i Vika. 

Ser fram til å sjåast ila ein innhaldsrik og kjekk sesong.

På vegne av A-lag herrer

Kenneth Moldskred.jpg


Mvh,

Kenneth