Før kampen

Det å omgi seg med folk som spelar deg god og bygge eit lag som sett kvarandre i best mogleg posisjon for å prestere so godt ein kan, er gunstig. 

Om ein investerar i kvarandre vil summen overgå den av enkeltspelarar, og gjere slik at ein presterar best mogleg i lag med andre og på lag med kvarandre.

Det er ein grunnmur av ferdigheiter både i livet og i ein fotballkamp, som er avgjerande for å kunne øve på og vere den beste utgåva av oss sjølve.

Å erkjenne det, ha fokus på det og øve for å meistre det er avgjerande for det øvrige.

Det kan vere andre moment på og utanfor bana som er meir attraktive og underhaldande, men det kan då vere gunstig og gjere det «ein må,» før ein kan gjere det «ein vil.» 

Rekkefølgja på desse to, er sentralt.

1. Omgang

Dei konkrete hendingane i kampen laurdag, er at vi tar leiinga på ei kontant avslutning frå Adrian, i ein situasjon der vi fyller bra på

I boks. 

Volda både utliknar og tar leiinga etter innlegg mot tungt luftskyts på bakre stolpe. 

Begge er situasjonar det vi kan vere dyktigare på å følge løp/ta ut motspelarar sentralt framfor mål.

2-2 kjem etter angrep frå venstre der Noah etter ein 1-2 med motspelar på strek, tar fram sin «indre Comanechi.»

I pausepraten er vi samstemte om at her er det alle moglegheiter for tre poeng.

2. Omgang

Etter ein jamn start , etablerar vi bra kontroll utover omgongen.

2-3, skorar Simon som og i denne kampen er ein stor ressurs for oss både som 1A med ball og 1F utan ball.

2-4 kjem etter eit bra oppbygd angrep til venstre, der Noah etter eit godt tima innløp, sett eit flatt innlegg frå Sigurd, i mål.

I siste del av kampen, har vi bra kontroll, før eit litt unødvendig frispark og ein litt skjør mur resulterar i 3-4 og litt hektiske sluttminutt.

Vi spelar det relativt trygt inn til siste fløyteblås  og kan med det feire minst trestemt, saman med Neil D, Bjørn, Benny, Agnetha og Annifrid i garderoba, før ein lystig retur.

Noe å bygge videre på

Det å lykkast saman og slitne dele gevinsten av vel utført arbeid, er noko av magien med fotball.

Samtlege involverte gjennom ei veke med to kampar på fire dagar, er avgjerande bidragsytarar til ein fin laurdagskveld for alle som heiar på Spjelkavik.

No er vi allereie i gong med ei ny veke, men nye utfordringar og nye moglegheiter.

Ingen garanti for nokon av oss, men eit ønske om å nytte kvar dag, best mogleg.

Om vi greier det, er vi på rett veg.

Keep it up!👏🏼

Do What we have to, so we can do what we want to.☀️ 

Ha ei god veke!📈

På vegne av Spjelkavik A-lag, herrer,

Kenneth